mandag 21. juni 2010

Gullkalven

Noen av dere husker kanskje konkurransen jeg sendte inn noen tekster til for litt siden? Det gjorde igrunn ikke jeg, jeg lider av fullstendig hukommelsessvikt. Men her en dag ble jeg påmint den på en litt morsom måte, jeg må si jeg ble målløs. Først en dag ringte tlf min, jeg orket ikke å svare, og etter en rask sjekk kunne jeg konkludere med at nr tillhørte Cappelen. Jeg tenkte som så at her var det noen som var ute etter å verve meg til en bokklubb eller annet tull (ja for jeg har fryktelig mange bøker jeg må lese før det blir aktuelt.) Hvertfall, jeg ringte aldri tilbake.

3 dager senere får jeg en sms: "Hei! Fikk du mailen min på fredag? Gratulerer med tredjeplass og flott novelle! Mvh Sigmund Sørensen, redaktør for Norsk skjønnlitteratur i Cappelen Damm, og medlem i juryen i gullkalven 2010."

Ja gjett om jeg ble målløs og helt sinnsykt glad da!!! Det var altså han som hadde prøvd og ringe meg på fredagen. Han oppmuntret meg til å skrive mer og syns jeg hadde noe veldig fint i teksten min. Noe mer motiverende kan man vel ikke få, så nå er det bare å ta tak i pennen og skrive så mye som mulig. Tenk om en av mine største drømmer kan gå i oppfyllelse en gang, dette åpner hvertfall noen dører. Her er link til konkurransen og kommentaren på teksten min GULLKALVEN.  Så legger jeg teksten under. Jeg skrev fem noveller, dette er den første av de. Teksten gjør seg mye bedre på papir, så om du virkelig vil lese den så anbefaler jeg at du printer den ut og leser den sånn:)


"M"

Den korte senga
Lemmen på vindauget small att, ut av døra kom ein diger bamse av ein mann. Ein meter over skuldrene, med lange krølla hår på heile kroppen, som klistra seg til den sveitte huda.
Han bøygde seg ned for å kome gjennom den lave døra, og trampa ut i graset så hardt og skremmande at til og med insekta søkte ly. Ho krympa seg, vanlegvis var ho ganske tøff, men i møte med denne dyras herskar vart ho lita som ei fluge.
Motet var børsta vekk som litt skit på buksa. ”Eg, eg..”
Munnen sleit med å forme orda. ”Eg har høyrd om deg” sa ho raskt. Han stoppa, såg ho rett i auga. Såg den stumme overraskinga og den bitande frykta. ”Ja vel og kva har du høyrd?” Ho følte seg litt tryggare i møtet med stemma, heilt vanleg, spørjande, ikkje hard og brå slik som ho hadde venta. ”Nok til at eg vil vete meir om deg, finne ut sanninga.” Han nikka så skjegget duva. ”Du får kome innfor døra” Ho såg spørjande på han, hadde forventa meir motstand. Ingen andre hadde nokon gong fått kome innfor døra hans. Ho stussa, lurde på kva den plutselege venlegheita kom av.
Han såg ventande på ho, så gjekk ho inn. Inne var det varmt, frykteleg varmt. Han opna lemmen att og sette vindauga på vidt gap. Herleg sommarluft og lukt av skog strøymde inn. Han viste ho til eit lite bord, eit bord med to stolar. Ikkje at ho forstod kva han skulle med to stolar, han som aldri slapp nokon inn, ikkje eingong på eigedomen. Ikring hytta i god avstand var det merka med store steinar, større steinar enn ein vaksen mann kan bere aleine. Det gjekk rykte om korleis han hadde fått dei dit.
Han fyrde i omnen og sette ein gammal kaffikjele på toppen.
Ho såg seg diskré ikring, her var ikkje mange møblane. Berre kjøkenbordet med stolane, ei seng og ein liten krakk som vart brukt som nattbord. Senga var reidd fint opp, ein kunne nesten ikkje forstå at det var han som hadde lege der. Oppe langs taket i hytta var der hyller, hyller frå vegg til vegg. Fulle av forskjellige ting . Steinar, nokre bøker, utstoppa dyr og to fine koppar. Koppane var av same type som eldre damer har, rosemåla og med gullforgylt kant, dei var alt for små til at det var mogleg for han å bruke dei.
”Pfft”
Kaffikjelen plystra for å gje beskjed om at kaffien var klar. Han fylde to koppar og sette dei på bordet, det rann litt over kanten på den eine koppen, han såg ikkje ut til å bry seg. ”Kva vil du veta?” Ho såg bort på han, usikker på korleis ho skulle byrje. Han såg spørjande tilbake. ”Korleis overlever du her ute?” Ho hadde tenkt på det mange gongar før, å overleve utan både innlagt vatn, straum og butikkar. Han klødde seg i hovudet så to store hårtufsar vart ståande rett opp.
”Og kvar får du tak i mat?”
Plutseleg såg han hardt i bordet, så på ho før han reiste seg og trava ut døra. Ho kunne høyre han romstere i skjulet utanfor. Skjulet var av den gamle typen, enkle treplankar med bølgjeblekktak, ho såg for seg innsida. Ein snikkarbenk, reiskap, ved og kanskje nokre våpen. Det var så vidt ho såg eit glimt av han i det han heiv ein svart plastsekk på ryggen og for til skogs. Ho visste ikkje korleis ho skulle reagere, men rekna med at han ville vere attende snart. Ho sat lenge ved bordet og berre venta, torde ikkje reise seg for å sjå seg ikring i hytta, redd han plutseleg skulle vere attende.
Sakte men sikkert byrja det å mørkne ute, ho tenkte på om ho berre måtte reise heim, men tanken på å få vete meir om han lokka ho til å bli enda ei stund. Det var gått mange timar no, magen hennar rumla høgt og blæra var pressa til brestepunktet. Ho reiste seg og gjekk mot døra, no måtte ho tisse. Ho stoppa eit augeblink på veg ut, over dørkarmen stod det skrive eit namn.
Marianne.
Utafor var det begynt å kjølne, og snart ville det verte for mørkt til at ho kunne finne vegen heim. Eit stykke bak hytta fann ho ein passande plass og sette seg på huk. Ein kvist knakk ein stad i nærleiken, truleg ein hjort eller eit anna dyr som for forbi. Ho gjekk inn att i hytta for å hente sekken sin, no måtte ho berre gå.
I det same ho kom ut på trappa knaka det baki skogen att, det høyrdes ut som om storbamsen sjølv var på ferde. Ut frå skogen kom han slepande på den svarte sekken. Han var raud i andletet, og genseren han hadde på seg hadde vorte skiten. Han sa ikkje eit ord, berre forsvann inn i skjulet.
”Gå inn å sett på vatnet”
beordra han utan å syne seg. Ho gjekk lydig inn. På kjøkenet fann ho nokre gamle gryter, ho tok den mellomste, fylde den med vatn og sette den på omnen. Så fyrde ho opp, elden frå før på dagen var for lengst sløkt ut. Det knitra i omnen då han kom inn døra, i handa hadde han ein gjennomsiktig plastpose med kjøt. Han sa ikkje eit ord, tømde posen rett på benken og drog fram ein stor kniv som han bruka til å dele kjøtet i stykkje. Så tok han fram steikepanna og sette i gang å steike. I vatnet ho hadde kokt opp heiv han to gulrøter og nokre poteter.
”Du må bli her i natt, du finn ikkje vegen heim i mørket.”
Ho skvatt over tonen i stemma, det var meir som ein ordre. Ho følte seg utrygg, ingen ville tilbrakt ei natt her saman med nokon som han. Ho såg ut vindauget, skjønte fortvila at ho ikkje hadde noko val. Ute var det svart og stille, ho hadde aldri funne vegen heim no. Han følgde ho roleg frå kjøkenet i det ho vurderte moglegheitene sine. Han visste ho måtte bli. Ho sette seg på den eine kjøkenstolen og lena seg på bordet. Ikkje sjølvsikker lenger, men samanbøygd og utrygg.
Kvifor hadde ho ikkje gått når ho hadde moglegheita?
På kjøkenet fresa det svakt i steikepanna, han rørde i gryta samstundes som han studerte andletet hennar. Den først sterke og tryge jenta som vart mindre og mindre for kvar time som gjekk. Han delte maten på to fat, mest til seg sjølv, litt mindre til ho. Han sette maten på bordet framfor ho, så henta han kvar sin gaffel. Svolten reiv i magen, og ho heiv i seg maten raskt og grådig. Dei utveksla ikkje eit blikk. Det byrja å bli seint, ute var det mørkt og stille. Ho kjende kroppen var tung og trøtt.
”Legg deg i senga”
sa han roleg. Ho såg på han.
”Berre legg deg i senga”.
Ho torde ikkje, kunne ikkje sove her ute. Så ho fortsette å sitje ved kjøkenbordet. Han såg ikkje på ho meir. Fann fram eit stykke spekekjøt og sette seg til å skjera små bitar som han åt. Han smatta stygt og minna meir om eit dyr enn eit menneske der han sat. Ute hadde månen kome fram frå skyene og lyste små glimt ned mot den mørke skogen. Kroppen hennar verka etter å få sove, ho følgde med han heile tida, vurderte kva ho skulle gjere. Auga hennar glapp med jamne mellomrom, og sjølv om han stira i bordet visste ho at han såg det. Eg kan kanskje ligge litt å slappe av tenkte ho. Ho såg først på senga, så på han. Han nikka roleg ”legg deg no”. Ho gjekk mot senga, tok berre av seg skoa før ho la seg ned oppå dyna. Senga var like lang som ho. Han sat framleis på stolen sin å skar i kjøtstykket, ensa ho ikkje. Ho la hovudet i retning kjøkenet så ho heile tida kunne halde auge med han. Alle rykta om han hadde gjort ho utrygg. Ho kvilde auga på hylla oppe langs taket, på alle dei utstoppa dyra, på steinane, konglene og alt det andre som høyrde skogen til.
Ho hadde alltid verte drege mot skogen, fuglane, lydane og trea. Tre som vakta over det som ingen veit. Han la frå seg kniven og gjekk ut, ho kunne høyre skritta hans forsvinne og blei med eit redd for å vera åleine, håpa han skulle kome attende snart, men ute var det igjen stille. Hovudet hennar kvila mot den mjuke puta, og snart sov ho.
Ho halvvakna fleire gongar i løpet av natta for å sjå etter han, men var framleis like aleine i hytta, og sovna igjen. Utanfor knakk ein kvist, men ho høyrde det ikkje, berre søv. Neste gong ho vakna var han attende, han stod ved dørkarmen. I det han såg ho vakne gjekk han raskt å sette seg.
Ho låg lunt og godt innpakka i dyna, prøvde å hugse om ho hadde tatt den på seg i løpet av natta. Ute hadde det byrja å lysne, og skogen var i ferd med å vakne. På hylla over seg la ho merke til at noko var forandra. Nokre av tinga var flytta på, og nokre såg ut til å ha forsvunne. Ho sette seg opp i senga så håret fell framfor ansiktet, strikken ho hadde på seg når ho la seg låg att på puta.
Han reiste seg og gjekk til kjøkenbenken for å hente kaffikjelen. Inne i hytta var det varmt, det brann i omnen og ute var sola i ferd med å nå over tretoppane. Ho følte seg mykje betre etter å ha sove ei natt, rolegare i nærværet hans. Ho gjekk mot kjøkenbenken mens ho såg på han, han såg tilbake og blikka deira møttes nokre sekund. Ho følte han kunne sjå rett inn i sjela hennar, hjartet banka hardare. Han sette kjelen på omnen og henta fram kvar sin kopp. Han stoppa litt ved benken, såg raskt opp på hylla under taket, så tok han ned ein av dei rosemåla koppane, fylde den med kaffi og sette den framføre ho.
Ho såg ut glaset på fuglane som flaug sikksakk mellom trea. Tenk om fuglane kunne ha snakka, alt dei hadde hatt å fortelje. Ho var glad dei berre kvitra. Han studerte ho nøye i det ho drakk, augebryna hans var bustete. Spørsmåla ho hadde planlagt å stille var ikkje lenger viktige, ho valde heller å kvile blikket på fuglane utanfor.
Etter kaffien bestemde ho seg for å gå ein snartur innom ein plass ho hadde vore tidligare før ho starte på turen heim att. Ho følgde ei lita rås som gjekk frå hytta mot skogen. Det knasa svakt i kvister og buskar i det ho kom lengre og lengre inn i skogen. Stien blei sakte men sikkert vaska vekk og langt der framme kunne ho sjå ei lysning i skogen. Lysninga bestod av ei lita slette, solstrålane rakk over tretoppane rundt og varma godt.
Midt på sletta stod eit kastanjetre, treet var så rart plassert at ein nesten skulle tru nokon hadde planta det der. Ho sette seg på ein stein i nærleiken for å kvile seg litt. Ei rad med maur passerte rett framfor føtene hennar, ho trakk dei raskt til seg, hadde aldri likt slike små dyr. Ho følgde dei med blikket, lurde på kvar dei var på veg. Nokre få meter framføre seg la ho plutseleg merke til nokon kvistar i ein haug, dei spira framleis grønt så dei kunne ikkje ha lege der lenge. Under kvistane skimta ho noko, og ho grøssa i det ho forstod at det måtte vere beinrestar frå eit dyr. No skjønte ho kvar maurane var på veg. Ho reiste seg og gjekk fort mot råsa igjen, naturen kunne vera brå.
Då ho kom attende til hytta var han ikkje å sjå nokon stad, ho såg seg først ikring ute, så inn gjennom vindauget, men kunne ikkje skimte han nokon stad. Ho gjekk mot skjulet og banka forsiktig på døra, ingen svara, så ho kika innfor døra. Skjulet var som forventa fullt av reiskap, ved og anna rot. Ei skapdør stod open, og på ein krok på innsida hang der ein flekkete genser. Han såg heimestrikka ut, og måtte vere alt for liten til at han kunne bruke den. Ho stengde døra og gjekk mot hytta for å hente sekken sin. I senga der inne låg han og søv. Føtene hans hang over fotenden som om det skulle ha vore nokon andre si seng, ikkje hans eiga.
Han snorka høgt.
Ho ville gje beskjed før ho for, takke for seg, så ho bestemde seg for å vente til han vakna. Ho fann fram grytene i skapet og fyrde opp i omnen. Det var framleis igjen nokre poteter og litt kjøt frå dagen før. Ho delte det i passe bitar og heiv det i steikepanna. Kjøtet var slintrete og vanskeleg å skjera i, no forstod ho kvifor han hadde brukt den store kniven dagen før.
Han vakna med det same det byrja å frese i panna. Først berre såg han stille på ho frå senga. så reiste han seg og gjekk for å hente tallerkenar. Dei smilte til kvarandre, og ho følte seg trygg. Etter middagen skylde han fata og sette dei på plass igjen i hylla. Ho fann fram kaffikjelen og sette på vatnet, samstundes som han fann fram koppar til dei. Ein vanleg til seg sjølv, og ein rosemåla til ho. Dei drakk kaffien sin stille, han såg på ho.
”Om du vil bli her til i morgon kan eg vise deg rundt her, du kan godt ta senga.”
Ho tvila først, men måten han spurde på fekk ho til å tenke at han kanskje sette pris på selskapet. Ønsket om å finne ut meir om han hadde berre vekse sidan ho kom. Ho såg på han og nikka. Det var blitt kaldare ute og kvelden nærma seg. Ho hadde ikkje pakka med seg mykje når ho la ut på tur dagen før, berre ein sekk med vatn og niste for ein dagstur. T-skjorta ho reiste med var ikkje lenger like varm og ho kulsa nedover ryggen. Ho såg seg ikring etter eit teppe, men ingenting var å sjå, berre det kvite sengeteppet som perfekt omslutta senga.
Ho kom til å tenkje på genseren i skjulet, kanskje kunne ho låne den. Han hadde sikkert funne den i skogen, mista av ein varm turist ein gong sist haust. Utan å spørje gjekk ho ut å henta genseren, den hang ikkje lenger på den same knaggen, men låg slengd på golvet like ved. Genseren passa så godt at ein skulle tru det var til ho han var strikka.
Ho stoppa litt i døra på veg inn, kanskje burde ho spurt først? Blikket hans var roleg, nesten beundrande i det han såg ho. Så plutseleg fekk han same mina som dagen før, og rente på dør. Ho skjønte seg ikkje på han, kvifor sa han ikkje noko, berre gjekk?
Det virka som om genseren gjorde han opprørd, ho tok ikkje sjansen på anna enn å leggje han attende der ho fann han. Det gjekk timar utan teikn på at han skulle kome, ho sat å kulsa attmed kjøkenbordet. Etter ei stund bestemde ho seg for å leggje seg i senga for å få att varmen. Ho bretta sengeteppet fint i hop og hang det nedst i senga, så letta ho på dyna og kraup under den. I starten kjendest dyna kald mot huda, men snart kjende ho varmen og sovna.
Ho vakna så vidt ein gong i løpet av natta, observerte at han var tilbake, kjende seg trygg og sovna igjen.
Morgonen etter vakna ho tidleg og utkvild, han sov i eine stolen på kjøkenet. Ho laga ikkje ein lyd, berre såg på han, såg rundt seg. Han samla på mykje fint, dyra og steinane var som forventa, det same var bøkene, andre ting var ikkje like forventa. På veggen over nattbordet var det festa ei leselampe, og plutseleg fekk ho auge på eit lite gullsmykke, eit hjarte som kunne opnast.
Ho skvatt i det han snorka så høgt at han vekte seg sjølv. Han såg på ho med det same han opna auga. Først alvorleg, så med eit svakt smil.
”God morgon Marianne, dette vert ein fin dag”.

4 kommentarer:

  1. Har ikke printer, men tok meg den friheten å lese den allikevel jeg :)
    Og jeg må si jeg ble bergtatt, og jeg lurer såååånn på hvordan det fortsetter. Skjønner jo at det er litt av poenget at man skal sitte der og undre, men jeg føler at jeg må få vite hvordan det går.
    Det var en veldig bra, uhyggelig stemning som gjør at jeg ble veldig dratt i denne verden. Du beskriver så bra, så levende at jeg ser det for meg.

    Tommel opp, superbra.

    SvarSlett
  2. Jeg leste den en gang til jeg, selv om jeg har lest den sikkert 50 ganger fra før!!
    Sier som Gøril - jeg vil vite mer!!! :D

    Det var en ting som slo meg forresten; veldig bra nynorsk ;) hehe!!

    SvarSlett
  3. Gratulerer!! Wow, det er jo kjempebra :) Jeg har ikke tid til å lese den nå, men skal helt klart få lest den snart..

    SvarSlett
  4. Nå har jeg endelig fått lest den :) Så utrolig bra du skriver da!! Flinka!! Jeg ble også veldig nysgjerrig på hvordan det går videre..

    SvarSlett